Søke om salsløyve

Butikkar som skal selge alkohol må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. Bensinstasjonar og kioskar kan ikke få salsløyve. Salsløyve blir gjeve for fire år om gangen.

Kven kan få salsløyve?

Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøva. Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

Slik søkjer du:

Du søkjer gjennom søknadsskjema på Fjaler kommune si heimeside

Søknadsskjema for salsløyve

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Vedlegg til søknad:

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • planteikning over utsalsstaden som viser plassering av alkoholen (ølrom)
  • dokumentasjon på styrar og varastyrar sin tilknyting til utsalsstaden
  • stadfesting på at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøva i alkohollova

Kor lang tid tar det?

Faste salsløyver vert gjeve av kommunestyret. Det kan difor ta inntil 3 månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden vert sendt politiet og sosialtenesta for uttale. Deretter vert søknaden behandla politisk. 

Det er gratis å søke om salsløyve

Det er gratis å søke om salsløyve. Alle som har salsløyve skal betale eit årleg løyvegebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut i frå kor mange liter alkohol salsstaden forventar å omsette inneverande år. 

Satsane er fastsett i alkoholforskrifta og vert regulert kvart år.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Fjaler kommune ein gong i året på eige skjema.

Skjema for rapportering av sal- og skjenking

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
Telefon 57 73 80 09