Eigedomsskatt i Fjaler kommune

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan velje å skrive ut med heimel i Lov om eigedomsskatt (eigedomsskattelova).

Om eigedomsskatt

For fastsetjing av eigedomsskattetakst gjeld følgjande hovudprinsipp med visning til eigedomsskattelova § 8 A-2(1): «Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskapar og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal».  Det betyr at vi ved taksering skal komme fram til ein marknadspris som ein vil kunne oppnå ved fritt sal av eigedomen.

Ny hovudtaksering er gjennomført i 2025

Kommunestyret i Fjaler kommune vedtok i k-sak 104/24 at det skulle gjennomførast ny hovudtaksering i 2025. Kommunestyret har vidare vedteke at verdien på bustader skal fastsetjast ved bruk av skatteetaten sitt formuesgrunnlag (bustadverdi) etter eigedomsskattelova § 8 C-1 jamf. k-sak 048/25.

Eigedomar som skal takserast lokalt av kommunen og som er omfatta av retningslinjene for taksering er:

  • bustadar som ikkje har bustadverdi/formuesgrunnlag frå Skatteetaten
  • bustaddel av landbrukseigedomar
  • fritidsbustadar
  • garasjar, uthus, anneks, naust, rorbuer og seterhus
  • ubebygde tomter
  • næringseigedomar og oppdrettsanlegg
  • brygge- og kaianlegg
  • vindkraftverk, kraftnett og anlegg som er omfatta av særskattereglane for petroleum
  • anleggseigedomar og masseuttak
     

For taksering av eigedomar som er nemnt i kulepunkta over er det utarbeida Rammer og retningsliner. Dokumentet inneheld takseringsprinsipp som er lagt til grunn ved verdsetjing av eigedomane.

For skatteåret 2026 er satsen på bustad- og fritidsbustad sett til 1,6 promille av takstgrunnlaget, på næring og kraftanlegg er satsen sett til 6,3 promille.  

Rammer og retningsliner for eigedomsskattetaksering 2026–2036

Fakturering av eigedomsskatt

Eigedomsskatten vert fakturert i lag med dei andre kommunale avgiftene og har i hovudsak 4 terminar pr.  år.

Enkelte eigedomar med låg utrekna skatt vert fakturert årleg. Eigedomar med utrekna skatt på kr 300 eller mindre er fritekne frå å betale.

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt

Då kan du sende e-post til post@fjaler.kommune.no

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 09.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00