Seksjonering

Førstegongsseksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige sin del av bygningen. endringar av allereie seksjonerte eigedommar kallast reseksjonering. Du treng ikkje fagkunnskap for å søke. 

Om seksjonering

  • Eigarseksjonering eigar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte- og firemannsbustader.
  • Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. 
  • Eigarseksjonar kan delast opp med eller utan uteareal. For å få eksklusiv rett til uteareal må det vere gjennomført ei oppmålingsforretning. Oppmålingsansvarleg i kommunen vil kunne hjelpe til med dette. 

Kva får du?

  • Du får delt opp bygnignen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev

Ved fordeling av uteareal får du i tillegg:

  • Eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedommen.
  • Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • Sett ned offentlege grensemerker, om dette er mogleg og ønskjeleg.

Slik søker du

Er det fleire bygningar på tomta, må du ta med alle i søknaden.

Fyll ut søknad om seksjonering

eller

Fyll ut søknad om reseksjonering

 

Legg ved situasjonskart over eigedommen

Legg ved planteikningar for alle etasjane

Planteikningane må innhalde:

  • markering av dei ulike seksjonane
  • forslag til seksjonsnummer
  • gårdnummer og bruksnummer
  • informasjon om kva dei ulike romma skal brukast til

Tinglysingssperre

Har du ei urådigheit tinglyst på eigedommen, så må den står som eigar av den samtykke til søknaden din.

Dersom du er usikker om det finst slik urådigheit, ta kontakt med kartverket

Lever søknadsskjema med vedlegg

Lever søknadsskjema med vedlegg per post eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.

  • Send søknad i brevform til: Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
  • Møt opp på Fjalerhuset og lever søknad til mottaket i 1.etasje

Kva kostar det?

Her finn du betalingssatsar, gebyr og avgifter for kommunale tenester i Fjaler kommune. 

Betalingssatsar, gebyr og avgifter i Fjaler kommune

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Vi behandlar søknaden innan 12 veker og sender saka til Kartverket for tinglysing. Deretter sender vi alle dokument tilbake til søkar saman med matrikkelbrev og faktura. 

Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41
Leif Helge Rivedal
Ingeniør kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 73 80 46