Kort fortalt:
Fritidsbustadar i Fjaler kommune vert no omfatta av feiing og tilsyn, og første runde vert gjennomført over dei neste fire åra. Tenesta startar sommaren 2026, men ikkje alle får besøk denne sommaren. Eigarar får varsel på SMS før feiaren kjem, og kan avtale ny tid dersom tidspunktet ikkje passar.
Ny foreskrift om brannførebygging
Vi informerer i denne informasjonen om forskrift om brannførebygging med verknad frå dato 01.01.2016.
Denne forskrifta erstattar tidlegare forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn, og stiller no krav til fritidsbustadar på lik linje med bustadar. Det blir lista opp aktuelle krav:
- Kommunen skal sørgje for feiing av røykkanalar og tilsyn med fyringsanlegg, jf. §17.
- Eigar skal sørgje for at feiar har tilfredstillande tilkomst til fyringsanlegget, jf. § 6.
- Eigar skal sørgje for at byggverk har utstyr for brannvarsling og manuelt sløkkeutstyr som angitt i §7.
Oppfølging av krav
Med bakgrunn i krav av forskrift vil Fjaler kommune pålegge fritidsbustadar med fyringsanlegg å inngå i den kommunale feietenesta. Eigar eller representant vil frå år 2026 motta denne tenesta med tilhøyrande avgift. For tenesta er det sett som minimum feiing og tilsyn kvart 6-10 år. Den faktiske frekvensen kan bli endra ettersom tenesta skal gjennomførast etter faktiske behov. Dette blir vurdert for kvar einskilt fritidsbustad.
Første runde er forventa gjennomført i løpet av fire år. Oppstart av tenesta blir no sommaren 2026. Dei det gjeld vil bli varsla vi SMS. Dersom tidspunktet ikkje høver kan de avtale nytt tidspunkt med feiaren.
Gebyr for feiing og tilsyn
Kommunestyret fastset årlege gebyrsatsar for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Gebyrfastsettinga er basert på prinsippet om sjølvkost. Gebyrplikta er normalt ikkje knytt til tidspunktet for kor tid feiing og tilsyn vert gjennomført, men gjeld for feieperioden - uansett kor i perioden tenesta vert utført.
Gjeldande gebyr for 2026 går fram av tabellen under. Frekvensen skal vurderast etter det faktiske behovet, men dei fleste fritidsbustadar vil truleg ha intervall større enn 6. kvart år.
Faktura for 2026 vert sendt ut vert sendt ut mot slutten av året. Frå 2027 vil gebyra bli fakturert over 4 terminar saman med andre kommunale gebyr. Meir informasjon om gebyr og fakturering finn du på kommunen si heimeside https://www.fjaler.kommune.no/politikk-og-administrasjon/administrasjon/prisar-avgifter-og-gebyr/
Fritak frå feietenesta
Eigar av fritidsbustad må søkje skriftleg til kommunen for å få fritak frå feietenesta. Det blir gitt fritak dersom fritidsbustaden ikkje har fyringsanlegg eller om eksisterande fyringsanlegg er stengt av. Å stengje fyringsanlegget kan gjennomførast ved at eldstad demonterast, røykkanal plomberast eller tilsvarande sikrast mot bruk.
Søknad om fritak sendast til:
E-post: post@fjaler.kommune.no
Postadresse: Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Sikker tilkomst for feiaren
Feiing av røykkanal utførast anten frå tak eller gjennom feieluke på loft. Ved feiing frå tak med helling må det være stige eller trinn på taket som er godkjend for bruk og permanent fastmontert i berande konstruksjon. Det må og være tilgjengeleg ein stige frå bakkenivå som når minst ein meter over innstigingsnivå til tak.
Les meir om dette under feiing og tilsyn på heimesida til Fjaler kommune
Dersom kravet om sikker tilkomst ikkje blir møtt er den direkte konsekvensen at røykkanalen ikkje blir feia. Ved manglande feiing aukar risikoen for pipebrann. Kommunen kan pålegge fyringsforbod for fyringsanlegg ved forhold som tilseier dette. Ein blir også pålagt å betale for ei teneste som ein ikkje får utført.
Definisjonar
- Fritidsbustad – bygning for overnatting som ikkje nyttast som permanent bustad. Eksempelvis:
- hytte, sommarhus, seterhus, støl, m.m.
- Fyringsanlegg - omfattar både eldstaden, røykkanalen (skorstein/pipe) og eventuelt matesystemet for brensel.
- Sikker tilkomst – omfattar tilgang til fyringsanlegget ved feiing og sikkerheit ved arbeid i høgde.