Kva er ein reguleringsplan?
Ein reguleringsplan gir reglar for korleis areala innanfor eit område kan brukast eller kva bygningar som kan bli oppført. Planen er samansett av ein planomtale, eit plankart og planføresegner. I tillegg kan han innehalde støyrapport, geologiske undersøkingar, eigne planar for handtering av overvatn, renovasjon, med meir.
Planomtale
Planomtalen inneheld sjølve skildringa av planen, kva ein ynskjer å oppnå, samt verknadane av planen.
Plankart
Plankartet syner kor bustadar, vegar, leikeplassar, skular, osv. skal ligge.
Førsegner
Føresegnene utfyller plankartet og definerar nærare korleis områda kan brukast, kva som kan byggast, kva som skal bevarast, osv. Ofte innheld førsegnene også reglar om kva som må vere på plass, som til dømes ein meir detaljert plan eller opparbeiding av veg og leikeplass, før ein kan få lov til å bygge.
Ein reguleringsplan er rettsleg bindande for arealbruken i området. Dette betyr alle tiltak innanfor planområdet må følge plankartet og planføresegnene.
Ulike typar reguleringsplanar
Det finst to typar reguleringsplanar. Eigedommen din kan vere omfatta av fleire. Her finn du informasjon om kvar du kan finne plan for din eigedom.
Områderegulering
Denne typen plan blir utarbeidd der det er behov for meir områdevise avklaringar av arealbruken. Områdereguleringar blir normalt utarbeidde av kommunen, eller av andre i samarbeid med kommunen.
Detaljregulering
Dette er ein meir detaljert reguleringsplan. Detaljreguleringa tek for seg mindre område eller enkelte tomter, og gir føringar om bruk og kva som kan byggast på areala. Ein reguleringsplan er også i mange tilfelle nødvendig rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, herunder ved eventuell ekspropriasjon.
Innanfor ei eksisterande detaljregulering kan det også gjerast mindre endringar. Dette er endringar som ikkje går ut over hovudrammene i den eksisterande planen, som ikkje påverkar gjennomføringa av planen elles, eller vedkjem viktige natur- og friluftsområde. Det kan også vere små justerinag av grenser og arealformål.
Når kan du påverke reguleringsplanar?
For å regulere eit område må planforslaget handsamast i ei lovpålagt rekkefølge. Alle som planen gjeld skal varslast og få høve til å seie di meining undervegs før ein reguleringsplan blir vedteken.
Oppstart og varsling av plan
Dette er svært tidleg i planarbeidet. Den som står bak planen, for eksempel ein utbyggar eller grunneigar, har ein ide om kva som skal gjerast med eit område. Planen er foreløpig ikkje detaljert, men kommunen gir sine foreløpige vurderingar. Då skal det varslast oppstart av planarbeidet. I varslingsperioden kan naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ gi innspel til den som utarbeidar planen (fagkyndig). Alle innspela skal vurderast i arbeidet vidare.
Offentleg ettersyn
Etter varslingsperioden lagar plankonsulenten eit planforslag basert på føringar frå kommunen, og innspela som kom inn. Planmaterialet kan vere omfattande med fleire vedlegg.
Planutvalet avgjer om planen skal leggast ut til offentleg høyring, om dei krev at planen blir arbeidd meir med eller om han blir avvist. Ved offentleg høyring har igjen alle som planen vedkjem høve til å uttale seg. Både kommunen og den som har laga planforslaget, vurderar korleis merknadane skal påverke planforslaget. Som regel blir det gjort nokre endringar på planforslaget. Oppdatert planforslag blir så handsama politisk.
Plankunngjeringar
Vedtak
Kommunestyret vedtar reguleringsplanar, medan mindre endringar blir vedtatt administrativt. Dette blir annonsert i avisa og på kommunen si nettside. Partar som planen vedkjem og personar som tidlegare har sendt inn merknader til planforslaget får brev med varsel om vedtak.
Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på.
Når kan du klage?