Planprogram for kommunedelplan for Dale

Kommunestyret fatta vedtak om å fastsetje planprogrammet for kommunedelplan for Dale 11.09.2026. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for det komande planarbeidet. 

Planprogram for kommunedelplan for Dale

Planprogrammet gjer greie for bakgrunn og føremål for planarbeidet. I planprogrammet er det peika ut fem hovudtema for vidare arbeid med kommunedelplan for Dale. 

  • Bustad
  • Trafikk
  • Offentlege tenester
  • Sentrumsutvikling
  • Samfunnstryggleik

Kva er eit planprogram?

Det første steget i ein planprosess er å utarbeide eit planprogram, jf. plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13. Formålet med planprogram er å sikre ein føreseieleg og effektiv planprosess som legger til rette for god medverknad frå myndigheiter, innbyggarar og andre interessentar.

Planprogrammet skal avklare: 
•    føremålet med planarbeidet
•    planprosessen med fristar og deltakarar
•    opplegget for medverknad
•    kva for alternativ som vil bli vurdert, tema og fokusområde
•    trong for utgreiingar

Sjølve planen – kommunedelplan for Dale - skal utarbeidast ut frå det fastsette planprogrammet.

Les planprogram for kommunedelplan for Dale

Planprogram - kommunedelplan for Dale (2026-2038).pdf (PDF, 2 MB)