Søke om fast skjenkeløyve

Planlegger du å starte ein serveringsstad med servering av mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. For å kunne søke om skjenkeløyve for alkohol, må du først ha serveringsløyve.

Når treng du skjenkeløyve?

  • Har du serveringsløyve og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve
  • Skal du starte opp ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart
  • Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks 3 månader medan du ventar på at søknaden din vert behandla
     

Slik får du skjenkeløyve

  • Du må ha serveringsløyve for å kunne få skjenkeløyve
  • Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve
  • Det er krav om uklanderleg vandel
  • Styrar og avløysar må dokumentere at dei er tilsette på staden, eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Styrar og avløysar må vere 20 år ved sal av alkohol over 22 volumprosent
     

Søknadsskjema for fast skjenkeløyve


Du vil bli bedt om å laste opp ein del vedlegg. Søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Vedlegg til søknad

  • Firmaattest. Firmaattest kan du laste ned frå altinn.no.
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve i alkohollova for styrar og avløysar
  • Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og fremleigekontrakt
  • Grunneigar sitt løyve til uteservering
  • Teikning av lokalet inne, og ute ved søknad om uteservering
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
     

Kor lang tid tar det å få svar?

Faste skjenkeløyver vert gjeve av kommunestyret. Det kan difor ta inntil 3 månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden vert sendt politiet, kemneren og sosialtenesta for vandelsuttale. Deretter vert søknaden behandla politisk.  

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve. Alle som har skjenkeløyve skal betale eit årleg løyvegebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsette inneverande år. 

Satsane for årleg løyvegebyr er fastsett i alkoholforskrifta og vert regulert kvart år. 

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Fjaler kommune ein gong i året på eige skjema.

Skjema for rapportering av sal- og skjenking

Lover og foreskrifter

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09