Skjenkeløyve for enkelt arrangement og private selskap

Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. 

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

  • Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om ambulerande skjenkeløyve. 
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om skjenkeløyve for eit enkelt høve. 

Når treng du ikkje å søke om løyve?

Du treng normalt ikkje søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement der du serverer alkohol utan å ta betaling, eller gjestane tar med alkohol sjølv. Det kan vere bryllaup, fødselsdag-selskap eller andre jubileum, der gjestane har ein tilknyting til den eller dei som inviterer til selskap. For eksempel kunne det vore naturleg å ha selskapet heime, men på grunn av plassmangel leiger du eit lokale. 

Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det vil sei at arrangementet ikkje er gjort kjend offentleg, gjestane kan ikkje vere invitert gjennom annonse, plakatar, eller via sosiale media.

Les meir om ambulerande skjenkeløyve i helsedirektoratet sin kommentar til alkohollova
 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

  • Løyvesøkar må vere fylt 20 år
  • Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.
  • Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.

Slik søker du:

Søknad om skjenkeløyve skal sendast elektronisk. Du bruker same skjema for både opne og lukka arrangement.

Søk om skjenkeløyve for enkeltarrangement - ambulerande skjenkeløyve

Kor lang tid tek det?

Når du søkjer om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement kan det ta litt tid. Her vil vi spørre politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato. Helst tre veker før.

Prisen for eit ambulerande skjenkeløyve eller eit enkelthøve er kroner 420.

Lover og foreskrifter

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09