Høyring - Ny lokal forskrift for spreiing av husdyrgjødsel

Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad har utarbeidd likelydane forslag til ny lokal forskrift om spreiing av husdyrgjødsel i alle tre kommunane. Høyringsfrist er 1. april 2024.

Askvoll, Fjaler og Hyllestad har i dag eigne lokale forskrifter om spreiefrist.  Den lokale forskrifta i Askvoll og Hyllestad gjev i dag løyve til spreiing av husdyrgjødsel på alt areal fram til 30. september. 

I Fjaler er spreiefristen 15. september, med moglegheit til å søke om utsett spreiefrist til 30. september. Bakgrunnen for endring i lokal forskrift for spreiefrist er kommunen sitt arbeid med vassforvaltning.  Etter vassforskrifta (§ 4) er det mål om at overflatevatn skal bli forbetra slik at vassførekomstane skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand.
 

Oppsummert så kjem Landbruksforvaltninga med framlegg til desse endringane i forskrifta:

  • Siste spreiedato til 1. september på landbruksareal som grensar til vassdrag med dårleg eller har risiko for redusert vasskvalitet.  Dette gjelder alle spreiemetodar.
  • I andre område skal det i perioden 1. september til 1. oktober ved all spreiing av gjødselvare av organisk opphav på jordbruksareal maksimalt spreiast 2 m3 pr. dekar, og at ein mot vassførekomstar, kanalar og opne kummar set att ei gjødselfrisone på minst 6 meter.


Dokument i høyringa:

Send innspel innan 1. april 2024

Innspel kan sendast på e-post til postlaf@askvoll.kommune.no