Dagsturhytta Vidsyn

Dagsturhytta i Fjaler er plassert på Bygdeheia i Ytre Fjaler, og har fått namnet Vidsyn. Bygdeheia har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunen sjølv.

I Fjaler har vi ein avtale med Fure Idrettslag om tilsyn av hytta. 

Tilkomst og parkering

Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure. Parkering er ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule) eller på Skor ved Folkestad. Det er å anbefale å parkere på Furset. Du tar av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. 

Stien til hytta

Det er om lag like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokre blaute parti, som skal ordnast. Stien frå Furset startar på skogsveg, før han går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover, før du går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus er at du etter få høgdemeter får fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.