BUA Fjaler

Frivilligsentralen driftar BUA-ordninga i Fjaler som låner gratis ut fritidsutstyr for sommar og vinter.

På Bua kan du låne alt frå soveposer, liggjeunderlag, telt og tarp, ryggsekkar, fiskestong og stormkjøken, badmintonsett, hengekøyer og fjellsko, syklar, rulleskøyter og skateboard, skøyter, ski, akebrett og truger. Vi har også bålpanne, og kano og kajakkar som ligg i Badevika, men som må leigast på Samvirket.

Opningstider på BUA

  • tysdag 16.00-18.00
  • torsdag 16.00-18.00

Ved lån på andre tidspunkt ring 913 51 944 eller kom innom frivilligsentralen på gamle Fjaler ungdomsskule (Fus).

Gå inn på heimesida til BUA

Gå inn på Heimesida til BUA, finn utstyr og finn Fjaler på kartet. Du må registrere deg som låner før du kjem, eller vi kan hjelpe deg. Du kan også reservere utstyr.

Gå til heimesida Bua.no

Kontakt oss:

Du finn BUA på frivilligsentralen som no er stasjonert på gamle Fjaler ungdomsskule (Fus).

Adresse: Nikka vonens veg 36 (første inngang).

BUA skal flyttast vidare til kulturhuset Samvirket i Dale sentrum når dette er ferdig renovert. Det skal etter planen skje hausten 2023.

BUA Fjaler på facebook

Rhona Thingnes
Leiar i frivilligsentralen
E-post
Telefon 57 73 80 20
Mobil 91 35 19 44