Fjalerprisen

Føremålet med Fjalerprisen er å gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen og å setje fokus på nyskaping, openheit og inkludering. Prisen kan delast ut annakvart år og består av eit kunstverk og prispengar på kroner 15 000. 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer innkomne og eigne forslag. Formannskapet avgjer om prisen skal utdelast.

Kandidatane skal i tråd med føremåla ha:

  • Profilert Fjaler kommune på ein positiv måte 
  • Bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet 
  • Bidrege særskilt til marknadsføring av Fjaler kommune 
  • Ytt ei ekstra innsats for å fremje nemnde verdiar

Send skriftleg og grunngjeve forslag til: 

Fjaler Kulturkontor
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

Epost: ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no / tlf. 57 73 80 44

Forslag på kandidatar må vera oss i hende innan 10. november 2022/2024/2026....

Tidlegare foreslåtte kandidatar vert teken med i vurderinga.

Tidlegare Fjalerprisvinnarar: 

Fjalerprisen erstatta to tidlegare prisar,- kulturprisen og næringsprisen.

Den har vore utdelt sidan 2008 - den fyrste tida årleg og frå 2018 annakvart år.
 

Desse har fått Fjalerprisen tidlegare:

  • 2008: Magne Bjergene
  • 2009: Straumsnes Mjølk og kjøt
  • 2010: Transplant/Ralston &Bau
  • 2011: Margrete Reisæter
  • 2012: Røde Kors Haugland rehabliteringssenter
  • 2013: Aksjon Dalsfjordbrua
  • 2014: Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund
  • 2015: UWC
  • 2018: Bjarne Huseklepp
  • 2020: Fure idrettslag
  • 2022: Hywer AS
  • 2024: Johnny Pedersen

Kulturprisen:

  • 2007: Norvald Haaland
  • 2006: Rønnaug og Ivar Haugen
  • 2005: Svint idrettslag
  • 2004: Ove Sunde
  • 2003: Kari Grov
  • 2002: Teatergruppa i Straumsnes UL
  • 2001: Jorunn Arstein Nes
  • 2000: Olav Hellebust
  • 1999: Ingrid og Magne Fagerheim
  • 1998: Kåre Antonissen
  • 1997: Jørgen Alisøy
  • 1996: Dale idrettslag
  • 1995: Oddlaug Notsund
  • 1994: Jubelhornet v/ Jan AH, Jørgen A, Andreas R, Eli B, Ane PØ
  • 1993: Oddleif Fagerheim

Næringsprisen:

  • 2007: Yndestad Feriehus v/ Nina Yndestad
  • 2006: Coop Dale BA
  • 2005: Fjaler bakeri og konditori
  • 2004: Leif Skår Røyrleggjarforretning A/S
  • 2003: Blomstertorget AS/ Sunnfjord Gravferdsbyrå
  • 2002: Fure Mekaniske
  • 2001: Gunn`s butikk
  • 2000: Magne Bjergene
  • 1999: Matglede ANS
  • 1998: Korssund Handel
  • 1997: Fjaler Sparebank
  • 1996:
  • 1995: Åsnes skifabrikk
  • 1994: Elis
  • 1993: IPM Teknikk
Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54