Langtidsopphald

Langtidsopphald i sjukeheim er eit heildøgns omsorgstilbod utan sluttdato for personar som har omfattande behov for hjelp heile døgnet.

Kven kan få tilbodet?

Personar som har eit pleie- og omsorgsbehov som ikkje kan dekkast av heimetenestene i eigen heim eller omsorgsbustad.

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden

Søk om langtidsopphald

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Pris er rekna ut etter inntekt. Du betalar 75 % av grunnbeløpet og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt frå.

Retningsliner og betaling for opphald i institusjon er regulert av Forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Endring av satsar vert justert etter nemnde forskrift kvart år.

Kva skjer vidare?

Når  søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behova dine for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og føreskrifter

Monica Berg
Teamleiar langtid/skjerma
E-post
Telefon 57 73 81 46
Mobil 95 25 59 38
Solheim Evy
Leiar sjukeheimen
E-post
Telefon 57 73 81 47