Digihelse – digital kontakt mellom brukar og helse- og omsorgstenesta

Helse- og omsorgstenesta i Fjaler har våren-24 starta utrulling av digital meldingsteneste/digihelse via Helsenorge.no.  

Her kan du enkelt og trygt

  • sende og motta meldingar
  • sjå avtaler
  • avbestille avtaler
  • få varsel om utførte besøk

Kommunikasjonen vert lagra i pasientjournalen din. 

Tenesta er ikkje ei akutt-teneste. Du kan forvente svar på meldinga innan ein virkedag etter at du har sendt ei melding.

Vil du avbestille eit besøk på kort varsel eller avklare andre ting som hastar, må du ringe den eininga det gjeld.

Om digihelse

Slik kjem du i gang med Digihelse

Du kan lese meir på Helsenorge.no 

Har du behov for hjelp med tenesta eller har spørsmål, ta kontakt med Helfo på telefon 23 32 70 00

Dersom du ikkje finn helsekontakten du vil kommunisere med på Helsenorge, ta kontakt med den eininga du får teneste frå.