Kven kan få tilbodet?
Personar som har eit pleie- og omsorgsbehov som ikkje kan dekkast av heimetenestene i eigen heim eller omsorgsbustad.
Brosjyre: Velkomen til Fjaler sjukeheim (PDF, 462 kB)
Slik søkjer du
- I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
- Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden
Søk om langtidsopphald
Fullmaktsskjema
Søknad sendast til
Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
Kva kostar det?
Pris er rekna ut etter inntekt. Du betalar 75 % av grunnbeløpet og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt frå.
Retningsliner og betaling for opphald i institusjon er regulert av Forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Endring av satsar vert justert etter nemnde forskrift kvart år.
Kva skjer vidare?
Når søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behova dine for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og føreskrifter
Kontaktinformasjon
Fjaler sjukeheim tlf. 57 73 80 90
Leiar Evy Solheim
Teamleiar langtids- og skjerma avdeling: Monica Berg
Kontakt med sjukeheimen via HelseNorge
Er du pårørande til nokon som har opphald på sjukeheimen? Då kan du, viss du har fullmakt frå brukar, kommunisere med eininga via helsenorge.
Digihelse – digital kontakt mellom brukar og helse- og omsorgstenesta