Korttidsopphald

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald på sjukeheim. Det kan vere rehabilitering etter sjukehusopphald, eller opphald for kartlegging og oppfølging for å kunne fortsetje å bu i eigen heim.

Kven kan få tilbodet? 

Personar som vert utskrivne frå sjukehus og heimebuande som har eit definert behov for korttidsopphald.

Kva kan du få hjelp til?

Å gjenvinne/oppretthalde funksjonsnivå etter sjukdom eller skade.

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Søk om korttidsopphald

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Korttidsopphald under 60 døgn og opphald i rehabiliteringsrom med velferdsteknologi er kr. 193 pr.døgn frå 01.01.2024.

Retningsliner og betaling for opphald i institusjon er regulert av Forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Endring av satsar vert justert etter nemnde forskrift kvart år.

Kva skjer vidare?

Når  søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behova dine for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Iris Asperheim
Teamleiar korttid/rehabilitering
Korttid/rehabilitering
E-post
Telefon 57 73 81 41
Mobil 95 25 59 37
Solheim Evy
Leiar sjukeheimen
E-post
Telefon 57 73 81 47