Serviceskyssen

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss. Det er skyss som organiserer ordninga.

Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentrum.

Dei som vil reise med serviceskyssen, bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Ein blir henta heime og får skyss frå dør til dør. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma.

Pris: 30 kroner kvar veg.

Oversikt og kontaktinformasjon for rutene til serviseskyssen i Fjaler

Sjå rutene i Fjaler og telefonnummer for tinging på skyss.no

Tinging må skje innan kl. 15.30 dagen før.