Krav til deg som søkjer
For å søkje om parkeringsløyve må du:
a) ha legeattest som viser at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over noko lengde, og
b) kunne dokumentere at du har eit særskilt behov for å parkere nær spesifikke stadar som bustad, arbeidsplass, skule eller i samband med anna aktivitet.
Dersom du søkjer løyve som passasjer, gjeld eit tilleggsvilkår om at passasjeren må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet.
Parkeringsløyvet er personleg, og det er forbode for andre å nytte dette. For at kortet skal vere gyldig når ein er passasjer, må kortinnhavar sjølv vere med i bilen ved parkering.
Har du hatt parkeringsløyve tidlegare, må du sjølv passe på å søkje på nytt, i god tid, dersom du framleis har eit særskilt behov for parkeringsløyve. Søknadsprosess og vurdering av behov er det same for nye og tidlegare søkjarar.
Du finn meir informasjon på Statens vegvesen sine nettsider om parkeringsløyve.
Slik søkjer du
Søknadsskjema og legeerklæring parkeringsløyve (PDF, 409 kB)
Kva skjer vidare?
Søknaden vil handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det tek lengre tid. Dersom søknad vert innvilga, vil vi etterspørje bilete.
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og reglar
Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede
Retningslinjer til forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede (PDF)