Miljøtenesta

Miljøtenesta yt bistand til menneske med ulike fysiske og psykiske funksjonsnedsettingar uavhengig av alder.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet er retta til barn og vaksne med nedsett funksjonsevne som bur i eigen heim eller i bufellesskap.

Kva kan du få hjelp til?

Miljøtenesta har som mål å sikre forsvarlege tenester ut frå gjeldande lovverk, reglar og forskrifter. Tenestene vert tilrettelagt med fokus på brukarmedverknad og individuelle behov, slik at den enkelte skal ha ein meiningsfylt kvardag, oppleve meistring og eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Tenestene som vert gitt er mellom anna:

  • Støttekontakt
  • Opplæring i daglege gjeremål
  • Støtte til sosial deltaking og andre aktivitetar
  • Personleg og praktisk bistand
  • Helsehjelp
  • Avlasting
  • Individuell plan

Slik søkjer du:

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du treng hjelp
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samtidig fylle ut eit fullmaktsskjema og legge ved søknaden. 

Søk om helse- og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det? 

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Når søknadsskjema er motteke, vil koordinator kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Merethe Vågane Helle
Leiar Miljøtenesta
E-post
Telefon 57 73 81 35
Mobil 41 60 67 75
Stine Lutentun
Fagansvarleg barn og unge
E-post
Telefon 57 73 81 38
Mobil 41 54 75 31