BTI – Betre Tverrfagleg Innsats

Fjaler kommune skal vere ein trygg og god kommune å vekse opp i. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at alle ikkje har det så bra. Det er då viktig å vite korleis vi saman skal gå fram for å hjelpe.

For å sikre at alle barn og unge, gravide og familiar får den oppfølginga og hjelpa dei treng, jobbar tilsette i vår kommune etter BTI-modellen. 

Les om Betre Tverrfagleg Innsats i BTI-rettleiaren til Fjaler kommune:

Les BTI – Betre Tverrfagleg Innsats rettleiar
 

BTI består av

  • Ein BTI-rettleiar – Fjaler – BTI som viser korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle der vi er bekymra for eit barn/ungdom/familie på ulike nivå. 
  • Ulike verktøy (eks: samtykkeskjema, skala for uro).
  • Tilsette sin kompetanse, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad i arbeidet med og kring barn. 
     

Kvifor BTI?

  • BTI-modellen skal sikre at barnehage, skule og andre tenester som møter barn og unge til dagleg, har eit lett tilgjengeleg verktøy som skildrar i steg og nivå kva handlingar som skal gjerast når tilsette har ei undring eller uro rundt eit barn/ungdom/familie.
  • Ved at alle tilsette jobbar etter ein handlingsrettleiar ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familiar vi er i kontakt med skal oppleve at dei vert sendt mellom ulike tenester i kommunen. 
  • BTI-modellen skal sikre at oppfølging av barn, unge og familiar som strevar er systematisk, evaluerande og i tett samarbeid med dei det gjeld.
     

Korleis bruke BTI? 

  • Dersom tilsette får ei undring eller ein uro knytt til eit barn/ungdom/familie skal ein som hovudregel følgje BTI-rettleiaren. Målsettinga er at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barns beste.
  • Det er grunnleggjande viktig at barn, unge og føresette blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Ved all oppfølging er medverknad og samarbeid med barnet / ungdommen og føresette ein viktig føresetnad for å få til gode løysingar. Unntaket er ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. Då skal barnevernet og/eller politi kontaktast direkte.
  • Når ein tilsett har kontakt med eit barn/ungdom/familie og ser behov for å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld.