Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar. Vi har fast kontortid på skulane og er tilgjengeleg for barna der. 

Opningstider for skulehelsetenesta

På skulen kan du snakke med helsesjukepleiar utan å bestille time først. Helsesjukepleiar har teieplikt og tilbodet er gratis.

Helsesjukepleiar er å treffe på skulane følgjande dagar:

Skulehelsetenesta
Skule Dag Helsesjukepleiar
Dale VGS. Onsdagar Elin Heggheim Møller
Dingemoen skule Måndagar, tysdagar og onsdagar Signe Nordal Bjørvik
Våge skule Annakvar måndag (oddetalsveker) Bente Gunn Melheim
Flekke skule Annakvar måndag (partalsveker) Bente Gunn Melheim

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe med?

  • Helsesjukepleiar samarbeider med tilsette i skulen etter samtykke frå elev og/eller føresette.
  • Skulehelsetenesta arbeidar for å fremje born si utvikling, trivsel og meistring på individuelt og universelt nivå. Helsesjukepleiar tilbyr individuelle samtalar, helseopplysning på ulike klassesteg, foreldrerettleiing og etablering av tverrfagleg samarbeid.
  • Aktuelle utfordringar for barnet kan til dømes vere vanskeleg familiesituasjon, opplevde belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
  • I tillegg kan elevar mellom 13 og 20 år nytte Helsestasjon for ungdom 
     

Faste tilbod frå skulehelsetenesta

Nyttige lenkjer

Kontakt oss:

Dale vidaregåande skule:

Elin Heggheim Møller

Tlf. mobil 40 41 57 35

E-post: Elin.Heggheim.Moller@fjaler.kommune.no

Dingemoen skule:

Signe Norddal Bjørvik

Tlf. 47 79 87 81

E-post: Signe.Norddal.Bjorvik@fjaler.kommune.no

Flekke skule og Våge skule:

Bente Gunn Melheim

Tlf. 57 73 81 12 / mobil 97 74 28 54

E-post: Bente.Gunn.Melheim@fjaler.kommune.no

Artikkelliste