Kven kan få tilbodet
Praktisk bistand er eit tilbod til den som grunna mellombels eller varig nedsett funksjonsnivå, har behov for praktisk bistand i heimen, og der det ikkje er andre i husstanden som kan utføre oppgåvene.
Kva kan praktisk bistand vere?
- Naudsynt reingjering av rom i dagleg bruk
- Klesvask
- Handling av matvarer ein gong i veka etter handleliste. Brukar må opprette konto hjå Coop i Dale.
Kva kostar det?
Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for praktisk bistand.
Maksprisar er årleg godkjend av kommunestyret.
Eigenbetalinga er regulert av rundskriv frå helse- og omsorgsdepartementet med endringar kvart år. Satsar frå 01.01.2026 er:
Grunnbeløp i folketrygda (G)
Slik søkjer du
- I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du treng hjelp
- Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.
Søk om helse- og omsorgstenester
Fullmaktsskjema
Søknad sendast til
Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
Kva skjer vidare?
Når søknadsskjema er motteke, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best, og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og reglar
Kontakt oss:
Ring sentralbordet til heimetenesta på telefonnummer 57 73 80 55. Telefonen er stengt mellom klokka 14.40 og 15.05 kvar dag.
- Tenesteleiar Heimeteneste: Janne Øksenberg
- Teamleiar heimeteneste: Ellen Alværen
Besøksadresse til heimetenesta:
Bjergelivegen 41 B
6963 Dale