Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er økonomisk stønad som kan verte innvilga til den som har eit særlig tyngjande omsorgsarbeid over lengre tid.

Stønaden kan bidra til at pårørande eller andre nære kan utføre naudsynte omsorgsoppgåver som helsetenesta elles kunne ha ytt.

Det er helse og omsorg som avgjer om søkjar fyller kriteria for omsorgsstønad, eller om det kan vere andre tenester som er meir føremålstenlege for brukar.

Kven kan få omsorgsstønad ?

  • Omsorgsmottakar må bu heime
  • Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelde nødvendige omsorgsoppgåver som pågår over tid
  • For barn må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder
  • Det er ein føresetnad at søkjar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen
  • Det er det beste for mottakar at det er du som yt omsorgsoppgåvene
  • Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du treng hjelp
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden
  • Søknad må vere utarbeidd i samarbeid med tenestemottakar dersom det er mogleg

Søk om omsorgsstønad

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva skjer videre?

Når  søknadsskjema er motteke, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan fire veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lovar og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Bente Seterdalen Solheim
Leiar tenestekontoret
E-post
Telefon 57 73 81 26
Mobil 90 08 32 09
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25