Helsehjelp i heimen

Helsehjelp i heimen er helsetenester til sjuke og/eller personar med funksjonsnedsetting som oppheld seg i kommunen. 

Helsehjelp i heimen skal bidra til at innbyggjarane i Fjaler kan bu heime så lenge det er ønskjeleg og forsvarleg.

Kven kan få tilbodet?  

Alle som oppheld seg i Fjaler og har behov for helsetenester.  

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar
  • Ivareta personleg hygiene
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legesenter
  • Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: rehabilitering, diabetes, demensomsorg, kreftomsorg, lindrande behandling)
  • Tilrettelegging av måltidssituasjonen
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand (til dømes: velferdsteknologiske løysingar, fylle dosett, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, tømme og skifte kateterpose og stomi)

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du treng hjelp
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden

Søk om helse- og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Du må ikkje betale for helsetenester i heimen.

Kva skjer vidare?

Når søknadsskjema er motteke, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
 

 

Ellen Alværen
Teamleiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 50
Mobil 95 06 01 01
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25