Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Ei alternativ organisering av praktisk bistand til deg som har eit stort og langvarig behov for hjelp.

Kven kan få tilbodet?

BPA er ei lovpålagt teneste til personar med funksjonsnedsetting. Målet er at ein får høve til eit aktivt og sjølvstendig liv, og vere mest mogeleg uavhengig til tross for funksjonsnedsettinga.

Du kan ha rett på BPA dersom:

  • Du er under 67 år
  • Du har eit langvarig og stort hjelpebehov (over 2 år)
  • Hjelpebehovet må vere minst 32 timar per veke
  • Eit hjelpebehov mellom 25 og 32 timar kan likevel utløyse rett til BPA dersom kommunen ikkje kan dokumentere at det fører til vesentleg auka kostnader

Kva er BPA?

BPA er ei alternativ organisering av praktisk bistand. 

BPA gjev deg personleg og praktisk hjelp i kvardagen etter dine behov og ønsker.

Du er sjølv arbeidsleiar for din assistent og styrer dermed:

  • kven du vil ha som assistent
  • tilsettingsprosessen
  • arbeidsoppgåver
  • arbeidsstad og arbeidstid
  • turnus

Om du ikkje sjølv kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan nokon som kjenner deg ha rolla som arbeidsleiar.  

Slik søkjer du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om brukarstyrt personleg assistanse.

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til, kor ofte du treng hjelp og kvifor du treng hjelp.  
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved søknaden. 


Søk om brukarstyrt personleg assistanse (BPA) 

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

BPA er ein måte å organisere praktisk bistand på, og praktisk bistand er ei betalingsteneste. Eigenbetaling vert bestemt ut frå inntekt.

Kva skjer vidare?

Når søknadsskjema er motteke, vil vi kontakte deg for kartlegging av ditt behov. 
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som siste klageinstans. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven 

Bente Seterdalen Solheim
Leiar tenestekontoret
E-post
Telefon 57 73 81 26
Mobil 90 08 32 09
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25