Fysioterapi

Du kan får hjelp av fysioterapeut dersom du har skada deg eller har sjukdom som gjer det vanskelig å bevege seg eller klare gjeremål i kvardagen. Du kan få tilbod om behandling, trening og tilrettelegging.

Tenestene våre

  • Individuell undersøking og behandling 
  • Rehabilitering / opptrening etter sjukehusopphald
  • Formidling av hjelpemiddel
     

Korleis kan du få tilbodet? 

Du kan bestille time ved å ringe oss på telefon. Fysioterapeuten vil då vurdere behovet ditt for behandling.

Du finn kontaktinformasjon nedest på sida. 

Hovudnummert inn til Fysioterapi- og ergoterapitenesta er 57 73 81 15.

Kva kostar det

Når du går til fysioterapeut, får du dekka delar av utgiftene dine til behandlinga. Som hovudregel må du betale ein egienandel som blir talt med i opptening til frikort for helsetenester.

Du får frikortet for helsetenester innan tre veker når du har betalt over 3165 kroner i egenandel i 2024.

På helsenorge.no finn du oversikt over eigenandel på fysioterapitenester

Kvar finn du oss?

Du treff oss på Helsetunet (samme bygg som Fjaler sjukeheim), i underetasjen. Inngang og parkering på nedsida av bygget (mot fjorden).

Besøksadresse: Dalsvegen 81

Ivar Vårdal
Fagleiar Fysio- og ergoterapitenesta
E-post
Telefon 57 73 81 18
Fysio- og ergoterapitenesta Sentralbord
Telefon 57 73 81 15