Digital heimeoppfølging (DHO)

Digital heimeoppfølging (DHO) er bruk av teknologiske løysingar som gjer at du kan følgjast opp av helse- og omsorgstenesta heime. Du gjer avtalte målingar i di eiga stove, og svarar på enkle spørsmål om helsetilstanden din via eit nettbrett eller smarttelefon. Helsepersonell følg opp målingane dagleg, og tek kontakt med deg om det er teikn til forverring av helsetilstanden din.

Kven kan få tilbodet?

For alle tilstandar der digital heimeoppfølging er eigna, skal dette vurderast som førsteval av kommunal helseteneste. Digital heimeoppfølging er godt eigna for oppfølging av kroniske sjukdommar og tilstandar, og for diagnosane KOLS og hjartesvikt samhandlar vi i dag med Helse Førde om slik oppfølging. Du får då ein eigenbehandlingsplan som beskriv tiltak dersom ein har ulik grad av forverring. Denne planen, saman med oversikt over svar på spørsmål og målingar, gir ei god oversikt over eiga helse. 

Fjaler er i prosjekt saman med andre kommunar om Digital heimeoppfølging. Du kan lese meir om Digital heimeoppfølging og prosjektet på Sunnfjord kommune sine nettsider: 
Digital heimeoppfølging DHO

Digital heimeoppfølging er ikkje ei akutt helseteneste. Er du sjuk og treng legehjelp, ta kontakt med fastlege, eller legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ved livstruande sjukdom eller skade ring 113.

Ta kontakt med Tenestekontoret i Fjaler for meir informasjon om Digital heimeoppfølging.

Randi Kyrkjebø
Fagutviklar
Telefon 57 73 81 28
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
Telefon 57 73 81 25