Fosterheim og familieheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit born eller ungdom som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldra har den daglege omsorga for barnet. Dei skal gje bornet mat og husrom, følgje opp skulegang og andre aktivitetar og gje den kjærleiken og tryggleiken barnet treng i sin livssituasjon.

Les om ulike typar fosterheimar på Barne, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) sine heimesider
 

Kven kan bli fosterforeldre?

Alle som ynskjer å bli fosterforeldre vil bli vurdert. Det er omsorgsevna til dei eventuelle fosterforeldra og behovet til det konkrete bornet som er viktig ved vurderinga av fosterforeldre. Fosterbarn er ulike i alder, personlegdom og omsorgsbehov. Difor trengs det eit mangfald av fosterheimar.

Fosterforeldre skal samarbeide med barneverntenesta og barnet sin famile. Det er nødvendig med god vandel og alminneleg god økonomi. De må ha tid og overskot til å gi barnet ein trygg og god heim. 

Les meir på Bufdir sine heimesider om kven som kan bli fosterforeldre

 

Korleis bli fosterforeldre?

Fosterheimtenesta i Rogaland og Vestland har digitale nettmøter for deg som er nysgjerrig på korleis det er å vere fosterheim. Møtet er heilt uforpliktande. 

Sjå tidspunkt for digitale informasjonsmøte

Les meir om fosterheim og korleis bli fosterforeldre på bufdir sine heimeside


Kontaktinformasjon:

Hege Tunestveit
Leiar HAFS barnevernteneste
E-post
Telefon 91 56 95 95