Vaksinering hausten 2026

Det blir også i år vaksinering på tre ulike stader i Fjaler: Guddal, Korssund og Dale.

Tidspunkt er enno ikkje bestemt, på grunn av forseinking i utleveringa av vaksinar frå Folkehelseinstituttet (FHI). Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart tidspunkta er klare.

Aktuelle vaksinar:

Pneumokokkvaksine

På vaksineringsdagane vil det vere tilbod om pneumokokkvaksine til dei som er omfatta av vaksinasjonsprogrammet for vaksne i 2026.

Dette gjeld:

  • Personar fødde i 1961, som fyller 65 år i 2026.
  • Personar fødde i 1960, som fylte 65 år i 2025, men som ikkje nytta tilbodet då.
     

Ingen timebestilling

Det er ikkje nødvendig å bestille time. Du møter opp på den staden som passar best for deg. Meir informasjon om tidspunkt, pris og betaling kjem seinare.