Startlån og tilskot til bustad

Dersom du ikkje får lån i private bankar, kan startlån frå Husbanken vere ei aktuell låneordning for deg til å skaffe ein nøktern bustad, eller bli buande i ein slik bustad.

Kven kan få startlån?

  • Personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad. Det vil seie at du først må sjekke om du får lån i vanleg bank. 
  • Personar som har langvarige problem med å finansiere eigen bustad. 
  • På husbanken sine nettsider kan du finne ut du på om du er i målgruppa, kva du kan få startlån til og kor mykje du kan låne?  
    Gå til Husbanken sine nettsider og les meir om startlån
     

Kven kan få tilskot?

Har du eller andre i husstanden nedsatt funksjonsevne, og behov for å bygge om bustaden? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Finansieringa kan bestå av startlån og/eller tilskudd.

Du kan også søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført av for eksempel arkitekt i forkant av ein eventuell ombygging.
 

Slik søker du:

Søknader blir behandla fortløpande. Du vil få skriftleg svar innan fire veker. 

Søk startlån / tilskot gjennom Husbanken 

Treng du hjelp?

Ta kontakt med NAV kontaktsenter