Korleis vil du bu og leve som pensjonist?

Har du tenkt på korleis du ønsker at livet ditt som pensjonist skal sjå ut ? Vi vert stadig fleire eldre, og vi lever lengre enn før - mange vil vere pensjonistar nesten ein tredjedel av livet. Kampanjen Planlegge Litt set fokus på at planlegging kan vere nøkkelen til eit godt liv som pensjonist. 

Planlegge Litt

Senteret for eit aldersvennleg Noreg står bak kampanjen og har laga ei informasjonsside om korleis ein kan planlegge for ein meiningsfull kvardag som pensjonist. Kampanjen har som mål å få deg til å reflektere over tre spørsmål:

  • Kor og korleis vil eg bu ?
  • Korleis vil eg føle meg?
  • Kva vil eg fylle tida mi med ?

Sida har samla tips og gode eksempel innafor desse tre spørsmåla, som kan vere til inspirasjon når du skal starte eiga planlegging.

Kor og korleis vil eg bu?

Bustad er kanskje det som er viktigast når ein planlegg alderdommen. Dei fleste ønsker å bu heime så lenge som mogleg. Sida har god informasjon og døme på kva som er lurt å tenke på, anten du vil bu der du bur eller skal flytte i ein ny heim. 

På nettsidene til kampanjen Planlegge Litt kan du lese meir om bustad og dei andre tema. 

Sjå også sidene våre om Startlån, om lån til kjøp eller tilpassing av bustad.