Vaksenopplæring og integrering

Vi har tilbod om opplæring i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar, introduksjonsprogram for nykomne flyktningar i kommunen og grunnskuleopplæring for vaksne.

Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Reglar for rett til grunnskuleopplæring for vaksne:

For å ha rett til grunnskuleopplæring må du

  • vere over opplæringspliktig alder ( 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Norge
  • ha behov for grunnskuleopplæring

Retten til grunnskule for vaksne gjeld og dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring. Retten er regulert i opplæringslova:

Samarbeid med Askvoll kommune om opplæring

Fjaler kommune har eit samarbeid med Askvoll kommune om grunnskule for vaksne. Opplæringsstaden er på Askvoll skule.
 

Vaksenopplæringa har tilbod til vaksne innvandrarar

Innvandrarar med opphaldsløyve har rett og plikt til opplæring i minimum 300 timar. Av desse timane skal 50 timar vere samfunnsfag.

Du finn meir om rett og plikt til norskopplæring på imdi.no
 

Målgruppe

Utanlandske kvinner og menn mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg
     

Kva kostar det?

  • Grunnskule for vaksne er gratis dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, og har behov for grunnskuleutdanning
  • For elevar utan rett til opplæring etter opplæringslova, sjå pris for vaksenopplæring og prøver:

Vaksenopplæring - pris til elevar utan rett til opplæring etter opplæringslova
Prøve Pris
Norskprøve muntleg 900
Norskprøve skriftleg 900
Samfunnskunnskapsprøve 440
Statsborgarprøve 440
Norskkurs 20 timar i veka 2750 pr. månad

Slik søkjer du:

Ta kontakt på telefon eller e-post med vaksenopplæringa:

Rektor for vaksenopplæringa Guro Osland Ness
Telefon: 57 73 80 72
E-post: Guro.Osland.Ness@fjaler.kommune.no

Kommunalsjef Ingeborg Tysnes
Telefon: 57 73 80 44
E-post: Ingeborg.Opdol.Tysnes@fjaler.kommune.no

 

Meir om vaksenopplæring og grunnskuleopplæring

Guro Osland Ness
Assisterande rektor og avd. leiar 5-7, Dingemoen skule
E-post
Telefon 57 73 80 72
Mobil 97 50 45 63
Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54