Integreringstenesta i Fjaler

Integreringstenesta i Fjaler kommune har ansvar for busetting, kvalifisering og integrering av nye flyktningar i kommunen. 

Vårt mål er at alle flyktningar skal kunne delta aktivt og sjølvstendig i samfunnet, ha godt samspel med andre, og kunne bruke sine ressursar på best mogleg måte.

Nokon av Integreringstenesta sine oppgåver:

  • Skaffe og klargjere bustad for første og andre gangs busetting
  • Bistå praktisk og økonomisk til etablering i bustad
  • Praktisk bistand og rettleiing i lokalsamfunnet
  • Kartlegge og hjelpe med godkjenning av kompetanse og ferdigheiter
  • Utarbeide og følgje opp individuelle kvalifiseringsplan i samarbeid med flyktningen og aktuelle instansar
  • Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova
  • Koordinere for arbeidet med flyktningar for instansar som skule, helse og omsorg, kultur, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv

Busetjing

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal få tilbod om bustad i ein kommune. Kommunen samarbeider med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi),  som kvart år oppmodar kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar. Fjaler kommune vel sjølv kor mange flyktningar dei vil ta imot, og dette kan vere:

  • tidlegare asylsøkarar som har fått opphald
  • overføringsflyktningar som får opphald i Noreg etter avtale med FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR)
  • I tillegg buset Fjaler kommune familigjenforeintre
     

Kommunen mottar tilskot frå staten ved busetting

Om introduksjonsprogrammet

Flyktningar i aldersgruppa 18- 55 år har rett og/eller plikt til å gjennomføre introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet er eit opplæringstilbod til nykomne flyktningar som er busette i Fjaler kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene (IMDi). Formålet med introduksjonsordninga er å styrke nykomne flyktningar si moglegheit for deltaking i yrkes og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstendigheit. Programmet skal innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap, foreldrerettleiing, livsmeistring, yrkeslivskunnskap og utdanningsval.

Kven kan delta:

  • du har behov for grunnleggande kvalifisering
  • du er i alderen 18 til 55 år
  • du har budd i landet i under 2 år
  • Familiegjenforeinte til flyktningar kan også delta.

Programmet er heilårleg og på full tid (dvs. 37,5 timar i veka) og kan vare i inntil tre år. Det blir laga ein individuell plan for kvar deltakar, med bakgrunn i den einskilde sitt opplæringsbehov.

Deltakarar i introduksjonsprogram har krav på introduksjonsstønad. Kvar deltakar får ein kontaktperson i Integreringstenesta i Fjaler. Kontaktpersonen har oppfølgingsansvar i heile programperioden

Korleis kan du som innbyggar i Fjaler bidra?

Fjaler kommune ynskjer at du som er engasjert og som ynskjer å gjere ein skilnad, set ditt preg på denne viktige samfunnsoppgåva i lag med kommunen. Vi håpar at vi i fellesskap kan finne fram til gode idéar om møteplassar, aktivitetar og anna som gjer at flyktningane kjenner seg velkomne i kommunen vår og vert ein del av samfunnet i Fjaler.

Måtar du kan bidra på som privatperson eller lag/organisasjon:

  • sosiale aktivitetar
  • tilby språk-/ arbeidspraksis
  • bidra med klede og leikar til gjenbruket.
  • utleige av bustad.  


Om du vil bidra på andre måtar eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med integreringstenesta!

Sjå meir informasjon om Gjenbruket i eigen artikkel her på heimesida

Sjå meir informasjon om korleis du går fram for å leige ut bustad 
 

Slik kjem du i kontakt med integreringstensta:

  • Postadresse: Fjaler kommune, integreringstenesta, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
  • Besøksadresse: Fjalerhuset, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord - 1. etasje (ved sidan av biblioteket)
  • Sjå telefonnummer og e-postadresse til kontaktpersonar under artikkelen:
     
Florence Hamper
Integreringskoordinator
E-post
Telefon 57 73 80 59
Mobil 47 97 17 22
Anna Myklebust Johannesen
Integreringskonsulent
E-post
Telefon 57 73 81 43
Mobil 90 29 35 99
Natalia Ophaug
Integreringskonsulent
E-post
Mobil 90 29 10 96