Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid for alle barn i 1.- 4. klasse og for barn med særskilde behov i 5.-7. klasse. 

Søknadsfristen er 01. april. Du kan likevel søke om plass heile året. Du får svar på søknaden i god tid før skulestart.

Slik søkjer du om SFO plass

Du søkjer om SFO plass gjennom Visma Flyt Skule.

Du kan velge mellom å søke om plasstype inntil 10 timar, 15 timar, 20 timar eller 26 timar. 

Alle elevar på 1.–3. trinn med SFO plass får gratis kjernetid på SFO 12 timer i veka. Dette blir trukke i frå plasstypen du har valt. Når du skal rekne ut tal timar barnet ditt skal ha plass så hugs at på SFO reknar vi kun heile og halve timar.

Søk SFO plass gjennom Visma Flyt skole 

Søknadsfristen er 01. april. Du kan likevel søke om plass heile året. 

Kva kostar SFO?

Alle elevar på 1.–3. trinn med SFO plass får gratis kjernetid på SFO 12 timer i veka. 

SFO betalingssatsar
Timar per vekePris 2026
Inntil 26 timar3300
Inntil 20 timar2900
Inntil 15 timar2300
Inntil 10 timar1750
Skuleferie1500 per veke
Enkelt dagar350 per dag
Ekstra timar79 per time
Gebyr ved for seint henta barn300 per halvtime
Matpengar500

 

Opningstider SFO

Det er ulik opningstid for SFO på dei tre skulane. Sjå kva opningstid som gjeld for dei tre skulane i kommunen:

Har du lågare inntekt kan du få lågare pris

Ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass for elevar på 1. - 4. trinn. Det er gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilte behov

Slik søker du om lågare foreldrebetaling på SFO

Søk om lågare foreldrebetaling for SFO
 

Vi behandlar søknader om lågare pris gjennom heile året. Om du søkjer etter 15. september, vert startdato den 1. neste månad. For søknader før 15. september vert startdato skulestart.

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det ut skuleåret. Du må difor søke på nytt kvart skuleår.
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.
     

Rett til å klage

Du har rett til å klage om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Send klagen til Fjaler kommune gjennom eDialog - sikker elektronisk post eller per  post til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.

Ferietilbod SFO

  • Dingemoen skule har ferietilbod i haust-, vinterferie og nokre veker i  sommarferien. 
  • Born frå Flekke skule og Våge skule kan nytte ferietilbod på Dingemoen skule
  • Born som elles har ordinært SFO-tilbod har prioritet dersom det er fleire søkjarar til ferietilboda enn det skulen har kapasitet til å ta imot.
  • Tilbodet kjem i gang dersom det vert påmeldt minst 6 barn.
  • Søknadsfristen for ferietilbod er 20. april for sommarferie, og ein månad før haust- og vinterferie.

Korleis endre eller seie opp SFO plass

  • Endring og oppseiing av SFO plass gjer du i Visma Flyt skule.  Logg inn i Visma Flyt Skule
  • Oppseiingstida er ein månad frå den 1. i månaden. Dersom plassen vert sagt opp etter 1. april, må du betale for plassen resten av skuleåret.

Vedtekter for SFO i Fjaler kommune

Sjå vedtekter for Skulefritidsordninga (SFO) i Fjaler kommune (PDF, 698 kB)

Gard Høgseth Felde
Rektor Flekke skule
E-post
Telefon 57 73 80 52
Mobil 93 31 03 10
Irene Langeland
Leiar SFO Dingemoen skule
E-post
Mobil 96 23 39 92
Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80
Birte Myklebust
Rektor Våge skule
E-post
Telefon 57 73 80 82
Mobil 90 27 17 28