Årshjul for dugnadsarbeid frå FAU/føresette

Her finn du oversikt over dugnadsarbeid frå FAU/føresette på Dingemoen skule.

Tid

Årshjul for dugnadsarbeid for FAU - føresette ved Dingemoen skule

Møteplan for FAU/SU vert laga utanom dette årshjulet.

August1.-10. trinn: fjelltur (spørsmål om køyring kan førekome)
Desember

1.-7. trinn: julegraut i løpet av siste veka før juleferie. Oppgåver føresette: lage og levere graut. Kva for klassar som har dette kan variere, sjekk med kontaktlærar.

1.-7.trinn: Julefest – to førestillingar:
1.-4. 5. desember 2023 kl. 17.30- 19.00
5.-7. 11. desember 2023 kl. 18.00-20.00 
Kvelden avsluttast etter elevprogram.

8.-10. trinn: juleball 20. Desember 2023, kl. 19.00 - 23.00. 
Oppgåver føresette 9.trinn lage julemat og gryterett etter påmelding, servere, vere vakt, rydde opp. Overskot går til 9.trinn.

Februar5.-7. trinn: Vinterball. 
Oppgåver føresette: lage mat og levere (forslag: pizza/pizzabollar/platekake) servering/vakt/rydding
Mars1.-10. trinn: skidag/ake dag (spørsmål om køyring, ev. anna, kan førekome)
April1.-10.trinn: dugnadsarbeid organisert av FAU
Mai

1.-7. trinn: tog 17.mai
Oppgåver føresette: FAU/klassekontakt hentar fane i god tid før 17.mai, og organiserer tog i samråd med kontaktlærar.

6.trinn: Kransnedlegging ved kyrkja klokka 1200. Kontaktlærarane set opp rullering og øver på diktlesing på skulen. Oppgåver føresette: FAU/klassekontakt har ansvar under markeringa.

1. trinn: Vårfest. Oppgåver føresette: lage og levere kaffi/kake?/saft

Juni

1.-7.trinn: Marknad Oppgåver føresette: lage og levere pizzabollar/platekake/muffins/saft/kaffi

4. trinn: Overnatting 4. trinn. - Oppgåver føresette: lage kveldsmat og levere. Evt. køyring om overnatting skjer utanfor skulen.

6.trinn: sykkeltur til Flekke. Oppgåver føresette: lage kveldsmat og levere + hente syklar, evt. brannvakt på natt på Flekke skule.

7. trinn: klassefest med program. Føresette vert inviterte. 
Oppgåver føresette: Føresette 7. klasse lagar mat og leverer på skulen – forslag: pizzabollar/platekake/kaffi og saft? Gjere klart + kjøkkenteneste + rydding er føresette i 6. klasse sitt ansvar.
Roseseremoni siste skuledag.

10. trinn: avslutningsfest. Oppgåver føresette (har vore 9.trinn etter avgjersle i FAU): lage mat, servere, rydde. Mat som har vore seinare åra: suppe m/brød, pizza til elevane og festkaker. Ingrediensar til suppa vert handla på skule konto, likeins kaffi og brus til elevane.

 

Utover årshjulet kan det førekome klassesamlingar og andre meir spontane aktivitetar der klassekontaktar vert utfordra på å bidra.