Reglar for permisjon i 4–10 dagar per skuleår
Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.
Søknad om permisjon i 4–10 dager blir innvilga dersom tungtvegande grunnar taler for det.
Tungtvegande grunnar kan vere til dømes:
- spesielle arrangement eller markeringar knytt til politisk arbeid
- organisasjonsarbeid
- familie
- deltaking ved idrettsleg eller kulturell konkurranse/stemne på høgt nivå
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, får innvilga permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har heilagdag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skulen etter fråværet.
Elevar kan berre få permisjon dersom opplæringa samla sett er forsvarleg. Det skal ikkje gjevast permisjon ved førebuing til- og gjennomføring av statlege kartleggingsprøver, nasjonale prøver, eksamen, eller andre prøver og vurderingssituasjonar.
Slik søker du permisjon i 4–10 dagar
Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
Når du har logga inn i Visma Flyt Skule må du velge "Meldingar" og vidare Ny melding". Som du sender til rektor på skulen. ikkje skriv sensitive opplysningar i meldinga.
Søk om permisjon frå undervisninga på Visma Flyt Skule
Søknadsfristen er normalt fire veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Reglar for skulefri utover 10 skuledagar:
Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er kommunalsjefen for skulane i kommunen som avgjer søknaden om skulefri utover to veker.
Slik søker du skulefri utover 10 skuledagar:
Søknadsfristen er normalt åtte veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Føresette sender søknad gjennom e-Dialog som er ei sikker løysing for å sende post elektronisk. I søknaden skriv du kvifor du vil ta barnet ut av skulen og kor lenge.
Send søknad om skulefri over to veker som brev gjennom e-Dialog
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt - Lovdata.no
Foreskrift om permisjon frå den pliktige opplæringa ved grunnskulen:
Reglar for permisjon er heimla i "foreskrift om permisjon frå den pliktige opplæringa ved grunnskulen"