Pris og betaling for barnehageplass

Ein heiltids barnehageplass kostar 700 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg. 

Prisar for barnehageplass frå 2026

Betalingssatsar barnehage 2026
Type plassPris pr. månad 2026
100 % plass700
80 % plass560
60 % plass420
Søskenmoderasjon30 % for 2. barn, gratis for 3. eller fleire barn
MatpengarKroner 500
Kjøp av ekstradagarKroner 270 per dag
Gebyr ved for seint henta barnKroner 300 for kvar påbegynt halvtime

Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månadar. Juli er betalingfri månad.

Har du redusert inntekt kan du få lågare pris

  1. Redusert foreldrebetaling
    Du kan få  redusert pris dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldninga.
  2. Gratis kjernetid
    Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2025 er denne inntektsgrensa sett til 669 050 kroner. 
     

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett til gratis kjernetid, har krav på 20 timar gratis oppholdstid uavhengig av størrelsen på plassen.

 Les meir om redusert foreldrebetaling på Utdanningsdirektoratet si nettside
 

Slik søkjer du redusert betaling

Du søkjer elektronisk gjennom Visma Flyt barnehage

Søk om redusert betaling i Visma Flyt Barnehage

Søknadsfrist:

Det kan søkast gjennom heile året. Søknadane blir behandla fortløpande. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Det må søkjast på nytt for kvart barnehageår.

Foreskrift og vedtekter

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80
Marita Jacobsen
Styrar Yksnebjør barnehage, oppstart 12.01.26
E-post
Telefon 57 73 80 66
Torunn Åsnes
Styrar Flekke barnehage
E-post
Mobil 90 06 54 23
Kristin Hellebust Strømberg
Styrar i Våge barnehage
E-post
Telefon 57 73 80 86
Mobil 99 51 81 77