Planleggingsdagar i dei kommunale barnehagane

Barnehagen er stengt heile dagen når det er planlegginsdag. Dagane vert brukt til planlegging av det pedagogiske innhaldet i barnehagen, samt kursing av personalet. 

Det er vedteke at barnehagane Yksnebjør, Flekke og Våge skal halde stengt i jula 2026.

Planleggingsdagar for kommunale barnehagar 2026/2027

  • 13. og 14. august 2026
  • 06. november 2026
  • 29. januar 2027
  • 07. mai 2027
     

I august 2027 blir det to planleggingsdagar dei siste dagane før det nye barnehageåret startar. Datoane er ikkje fastsette enno.
Oppstartsdatoen for nytt barnehageår i 2027 følgjer skuleruta. Skuleruta for 2027/2028 er klar på slutten av året 2026.

Stenging av kommunale barnehagar i jula 2026

Fjaler kommune har vedteke at dei tre kommunale barnehagane skal vere stengde i jula og romjula 2026.

Dette gjeld:

  • Yksnebjør barnehage
  • Flekke barnehage
  • Våge barnehage


Barnehagane er stengde frå og med 23. desember 2026 til og med 3. januar 2027.  

Barnehagane opnar att 4. januar 2027.

Les vedtektene for dei kommunale barnehagane i Fjaler kommune  (PDF, 500 kB)

Kristin Hellebust Strømberg
Styrar i Våge barnehage
Telefon 57 73 80 86
Marita Jacobsen
Styrar Yksnebjør barnehage, oppstart 12.01.26
Telefon 57 73 80 66
Torunn Åsnes
Styrar Flekke barnehage
Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
Telefon 57 73 80 60