Yksnebjør barnehage

Yksnebjør barnehage er ein kommunal barnehage som ligg flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og med nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun, skular og Dale sentrum. Barnehagen har eit godt samarbeid med blant anna kulturskule.

Avdelingane er:

Barnehagen har seks avdelingar fordelt på to hus

  • Granden og Borgen, som er i det grå huset.
  • Tipphogen og Tross, som er i det nye huset.
  • Toppen og Solbakken, som er i det nye huset.
     

Opningstider

Opningstidene våre er frå klokka 07.00-16.30 måndag til fredag.

Plasstilbod:

Vi tilbyr 3-, og 5 dagarsplassar. I tillegg er det mogleg å kjøpe enkeltdagar for dei som nyttar 3 dagarstilbod.

Kontakt oss

Turid Straume
Styrar Yksnebjør barnehage
E-post
Telefon 57 73 80 66