Vegvedlikehald

Reparasjon, brøyting og strøing av kommunale vegar.

Meld frå om feil og manglar

Her kan du melde om feil på veg, gatelyst, vatn eller avløp.

Meld feil på veg, gatelys, vatn og avløp

Kommunen sine oppgåver:

Kommunen har ansvaret for drift- og vedlikehald av kommunale vegar, medan Statens vegvesen har ansvar for fylkes-, riks- og europavegar. Kommunen sine oppgåver: 

  • brøyting og strøing
  • klipping av vegetasjon
  • feiing og reinhald
  • vegoppmerking og skilting
  • fjerning av søppel

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. 

Her finn du kart som viser kva vegar som er kommunale

Brøyting og strøing

  • Brøyting på kommunale vegar startar når det er 10 cm snø i vegbana. Sandstrøing av vegane vert utført ved behov. 
  • Kommunen er delt inn i brøyterodar, og det er private entreprenørar som utfører brøytinga.

Hent gratis strøsand

Du kan ta med deg bøtte/stamp og hente gratis strøstand til privat hushald her:

  • Flekke: Ved strøgruslager til Daniel Kleppe ved Flekke kai.
  • Hellevik: Ved strøgruslager til Halvar Lutentun ved Hellevika kai.
  • Grytøyra: Ved strøgruslager til Halvar Lutentun ved Eina
  • Guddalen: Ved strøgruslager til Sverre-Benjamin Gallefoss ved Gallefoss bru
  • Dale: Strøgruslageret til Mathias Øen ved Trolleskaret

Snø i innkøyrsla

Det kjem ofte spørsmål om vi ikkje kan fjerne brøytekantar frå private avkøyrslar. Har du eigedom langs ein kommunal veg, vil du få snø inn i avkøyrsla di. Denne snøen må du som huseigar rydde vekk sjølv. 

Brøyting av privat veg

Du kan tinge abonnement for brøyting av privat veg/gards- og grendeveg. 

Abonnement for brøyting av privat veg/gards- og grendeveg.

Tom Børge strømmen
Ingeniør veg, vatn og avlaup
Ingeniør veg, vatn og avlaup
E-post
Telefon 57 73 80 48
Mobil 47 90 65 07
Jostein Jarstad
Leiar driftsentralen
E-post
Telefon 90 72 00 57