Abonnement på brøyting av private vegar

Fjaler kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegar. Du kan bestille abonnement for brøyting for private vegar, gards- og grendevegar.

Slik melder du deg på brøyting

Her finn du skjema for påmelding av brøyteabonnement. 

Skjema for påmelding brøyteabonnement for private vegar

Send påmelding til: 

Nyteikning av abonnement må sendast kommunen innan 1.oktober for gjeldande sesong. 

Vilkår for å kunne tinge brøyting av private vegar

  • Lengda på privat veg må vere minst 100 meter lang
  • Vegen må ha ein slik standard at den kan brøytast utan fare på utstyr og brøytar
  • Kommunen/brøytaren gjer kontroll av vegstandard før brøytinga tek til, og sjekkar bereevne, gruslag, breidde, snølager/grøfter, skog langs veg og snuplass. Dersom vegen ikkje kan brøytast slik som den er, vil eigar få tilbakemelding snarast. 
  • Ved større snøfall vert brøyting av kommunal veg og tilkomst for utrykningsberedskap prioritert før brøyting av dei private vegane. 
  • Teikning av abonnement og snøstikkesetjing er ein føresetnad for brøyting.
  • Kontaktperson oppnemnast ovanfor kommunen. 

Dersom det er fleire brukarar av ein veg, lyt de gå saman om abonnementet og stille med ein kontaktperson ovanfor kommunen. Der det ikkje er valt kontaktperson for vegen, vert informasjon sendt til ein tilfeldig utvalgt oppsitjar langs ein privat veg. 

Vedtak

Etter vedtak i kommunestyret 16.03.15 og nytt vedtak 068/16 kan eigarar av private vegar tinge brøyting av kommunen. 

Avslutte brøyteabonnement

Dersom du har eit brøyteabonnement, varer abonnementet fram til du melder deg av. For å avslutte brøyteabonnement må du ta kontakt med teknisk avdeling for avmelding. Oppseiing av abonnement må sendast kommunen innan 1.oktober for gjeldande sesong. 

Pris for brøyteabonnement per sesong

Pris for brøyteabonnement per sesong
Veglengde Pris 2023
100-250 meter: kr 8000
251-500 meter: kr 12 000
501- oppover: kr 18 000
Preben Nilsen
Ingeniør veg, vatn og avlaup
Ingeniør veg, vatn og avlaup
E-post
Telefon 57 73 80 48