SMS-varsling frå kommunen

Fjaler kommune brukar varslingssystemet ServiceAlert. Med dette systemet kan vi raskt varsle dei det gjeld, basert på gateadresser. ServiceAlert varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Kvifor er dette nyttig for deg?

Vi varslar deg ved hendingar du treng å vite om. Det kan til dømes vere ved stenging av vatn, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

ServiceAlert brukar ulike register for å nå ut med informasjon. Kva register som blir brukt, er avhengig av om du er privatperson, representerer ei verksemd eller ønskjer varsling til ei anna adresse.

Privatpersonar

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi tilrår at du legg inn mobiltelefonnummeret og e-postadressa di i kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege hentar kontaktinformasjon herfrå, til dømes i samband med skattemeldinga.

Oppdater kontaktinformasjonen din på Norge.no

Tilleggsregister

Du kan bruke tilleggsregisteret dersom du ønskjer å motta varslar for ei verksemd eller ei adresse der du ikkje er registrert som busett.

Tilleggsregisteret blir berre brukt av kommunen din. Det er derfor viktig at du oppdaterer informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flyttar til ein annan kommune.

Gå til tilleggsregisteret på nettstaden Varslemeg.no

Sårbare verksemder

Sårbare verksemder kan til dømes vere verksemder som er avhengige av vatn for å kunne drive. Dette kan vere sjukehus og medisinske senter, alders- og sjukeheimar, lege- og tannlegekontor, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar og verksemder innan landbruk og husdyrhald.

Tilleggsregisteret gjer det mogleg å knyte kontaktpersonar til verksemder, med telefonnummeret deira. Kontaktpersonen vil då motta varsel frå kommunen samtidig som verksemda.

Registrer deg i tilleggsregisteret på nettstaden Varslemeg.no

Får du ikkje varslar?

  1. Er du folkeregistrert på adressa di?
    Sjekk adressa di i Folkeregisteret på skatteetaten si nettside
  2. Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen din?
    Oppdater kontaktinformasjonen din på nettstaden til Norge.no
  3. Hugs å melde flytting dersom du byter adresse.

Hemmeleg telefonnummer

Dersom du har hemmeleg nummer og ønskjer å få varslingar, må du registrere deg i tilleggsregisteret. Kryss av for «hemmeleg nummer» når du registrerer deg.