Tilkopling vatn og avløp

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. Du må søke både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling. 

Søknad om tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg

  • For å kunne kople til deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søke kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova. 
  • Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 
  • Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinlyste rettar leggast ved. 

Skjema som gjeld tilkopling til vatn og avløp

Saksgang

Før tilkopling utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen.

Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om søknadsprosess og saksgang. 

Prisar for vatn og avløp

  • Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vatn- og avløpssystemet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 
  • Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale når eigedommen din er tilkopla det kommunale vass- og kloakknettet. 
  • Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering ta kontakt på telefon 57 73 80 00

Vassmålar

  • Alle bygningar og delar av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha installert vassmålar for registrering av vassforbruk. 
  • Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. 
  • Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 
  • Du finn meir informasjon i artikkelen vår om vassmålaravlesing

Skjema for registrering av ny vassmålar

Lover og forskrifter

Leif Helge Rivedal
Ingeniør kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 73 80 46