Kommunestyret

Nytt kommunestyre vart konstituert 28. september 2023. 

Leif Jarle Espedal (AP) vart valt som ordførar og Marte Haugsbakk vart valt som varaordførar. 

Politisk organisering 

Fjaler kommune vert styrt etter formannskapsmodellen, med kommunestyret som øvste politiske organ. 

Kommunestyret

Kommunestyret vert valt kvart fjerde år ved kommunestyrevalet. Fjaler kommunestyre består av 23 medlemer, med ordførar som leiar. 

Formannskapet

Fjaler formannskap er det nest øvste politiske organet i kommunen. Det består av 7 medlemer med varamedlemer, som alle er valt for fire år blant kommunestyret sine medlemer. 

Formannskapet sine funksjonar er fastsett i kommunelova, særlover og i delegeringsreglementet. 

Kommunestyrekomitéar 

Kommunestyret er delt inn i komitéar med fast fagområde som følgjer inndelinga av strukturen i administrasjonen med kommunalsjefar.  Komitéane har ikkje vedtaksmynde, men som saksførebuande organ skal dei legge fram ei tilråding til vedtak til kommunestyret. Alle politikarane i kommunestyret (med unntak av ordførar og kontrollutvalet sitt medlem) er valt inn i komitéane. Handsaminga i komitéane skjer i forkant av kommunestyremøtet same dag. 

Partifordeling og gruppeleiarar i Fjaler kommunestyre

Partifordeling og gruppeleiarar i Fjaler kommunestyre
Parti Mandat Gruppeleiar Mobil E-post
Arbeidarpartiet 5 Ainor Naustdal 917 09 715 send e-post
Høgre 4 Jostein Jarstad 958 02 862 send e-post
Miljøpartiet dei Grøne 2 Mark Taylor 975 13 449 send e-post
Senterpartiet 6 Kjetil H. Felde 970 32 034 send e-post
SV - Sosialistisk venstreparti 2 Kjetil Ness 991 63 639 send e-post
Venstre 4 Marte Haugsbakk 974 88 660 send e-post
Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92
Marte Haugsbakk
varaordførar
E-post
Mobil 97 48 86 60