Forfall, fritak og fråtreding

Informasjon om korleis du melder frå om forfall til møte, korleis du søker om fritak frå verv og kva som kan føre til at du må tre ut av vervet. 

Forfall til møte i folkevald organ

Som folkevalde har du både rett og plikt til å delta i møte i kommunestyret, eller i andre folkevalde organ du er medlem av,  med mindre du har gyldig forfall. Gyldig forfallsgrunn kan vere sjukdom, reise eller andre hindringar som gjer det umogleg eller svært vanskeleg å møte. 

Oversikt over oppsette møte i folkevalde organ ligg på kommunen si nettside: 

Sjå møteplanen for folkevalde organ

Som medlem i folkevald organ må du straks melde frå til ordførar og gruppeleiar for partiet ditt om du ikkje kan delta, slik at vara kan bli innkalla. 

Er du ikkje lenger valbar? 

Det kan vere ulike grunnar til at folkevalde trer ut av vervet sitt. Kommunelova § 7-2 listar opp ei rekke forhold som gjer at folkevalde ikkje lenger er valbare. Dersom du flyttar frå kommunen til ein annan i løpet av perioden, må du tre ut av vervet. Du kan likevel tre inn att i vervet dersom du flyttar tilbake til kommunen innan to år. 

Du må melde frå til ordførar og politisk sekretariat, post@fjaler.kommune.no om det ligg føre forhold som gjer at du må tre ut av vervet ditt. 

Søke om fritak frå verv 

Dersom det gjev deg ei vesentleg ulempe å utføre vervet som folkevald, kan kommunestyret godkjenne søknad om fritak. Fritaket kan vere mellombels eller for resten av perioden. I vurderinga om fritak skal det bli lagt vekt på om grunnlaget for søknaden var kjent på det tidspunktet du takka ja til å stille til val. Det er viktig å hugse på at du ikkje kan tre inn i vervet att før fritaksperioden er over. 

Søknad om fritak frå verv skal sendast 

Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92