Ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr

Kommunale gebyr og eigedomsskatt blir sendt ut på same faktura fire gangar i året:

  • 1. termin blir utsendt i mars med forfall 15.april
  • 2. termin blir utsendt i juni med forfall 15.juli
  • 3. termin blir utsendt i september med forfall 15.oktober
  • 4. termin blir utsendt i desember med forfall 15.januar

Her kan du finne svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får som gjeld fakturaen. 
 

Om kommunale gebyr i Fjaler kommune

  • Du får tilsendt faktura fire gangar i året.
  • Alle gebyra er fordelt likt på terminane.
  • Har du vassmålar, blir du fakturert akonto. Då betalar du eit berekna beløp basert på tidlegare forbruk.
    Avlesing av vassmålaren skal meldast inn på eit eige skjema og sendast kommunen, og på faktura for første termin får du eit oppgjer. 
     

Digital faktura frå kommunen

Fjaler kommune sender fakturaer digitalt. Fakturaene blir sendt i fylgjande rekkefølge:

  • Avtalegiro: Du må opprette ein avtale i nettbanken/ banken om avtalegiro.
  • eFaktura: Har du sagt "ja-takk til alle" i nettbanken, vil du få eFaktura.
  • Vipps: Har du slått på at du vil ha fakturaene dine i Vipps, vil fakturaene frå Fjaler kommune også komme her.
  • Digipost/ eBoks: Om du ikkje har aktivert Avtalegiro, eFaktura eller Vipps, vil du motta faktura i digital postkasse om du har Digipost- eller e-Boks.
  • E-post: Om du er registrert med ei gyldig e-post adresse, kan du få fakturaen som vedlegg til e-post.
  • Faktura i postkasse: Om du ikkje kan ta i mot fakturaen elektronisk, får du fakturaen tilsendt i posten.

Ofte stilte spørsmål

Alle betalingssatsar i Fjaler kommune

Kvart år vedtek kommunestyret prisar for kommunale tenester. Dette blir samla i ei fullstendig prisliste. 

 

Har du spørsmål om kommunale gebyr?

Send e-post til: post@fjaler.kommune.no eller ring sentralbordet 57 73 80 00.