Postliste og innsyn

Hovudregelen i offentleglova er at alle dokument er opne for innsyn, så lenge det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Brev inn til kommunen- og svar frå kommunen vert registrert i sak- og arkivsystemet vårt og publisert i den offentlige postlista på heimesida til Fjaler kommune.

Søk i postlista til Fjaler kommune 

Kva er postlista? 

Postlista eller offentleg journal er eit register som gjev oversikt over all arkivført post og korrespondanse inn og ut frå kommunen på aktuell dag. 

Både dokument til eller frå offentlege verksemder, og dokument til og frå privatpersonar blir registrert i den elektroniske postjournalen. E-poster og andre typar meldingar blir òg registrert. Det er ikkje mogleg for avsendaren å be om at eit dokument ikkje skal registrerast i postjournalen, men det blir ikkje gjeve innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt. 

Postlista vert oppdatert kl. 18.00 på kvardagar. Av kvalitetssikringsomsyn vil det normalt gå to arbeidsdagar frå dokument er motteke/ferdigstilt til dei blir publisert på kommunen sin nettside.  

Offentlege dokument på postlista er publisert i fulltekst, og utan tidsavgrensing. Postlista er tilgjengeleg tilbake til 01.02.2009. 

Kva finn du på postlista? 

Dokument frå desse arkivdelar i kommunen sitt sak- og arkivsystem blir publisert på postlista: 

  • Felles saksarkiv for alle einingar 
  • eigedomsarkiv som består av byggesaks-, delings- og gardsarkivet


Saksframlegg og vedtak i politiske saker finn du i møtekalenderen på nettsida vår. 

 

Kva finn du ikkje på postlista? 

 
For desse dokument visast det berre utvalde journalopplysningar på postlista, og kva lovheimel som er nytta for å skjerme dokumentet. 

Dokument frå personmapper, der hovudvekta av opplysningane er underlagt teieplikt, ligg ikkje ute på postlista (heller ikkje utvalde journalopplysningar). Døme på dette er personalmapper, pasient- og klientarkiv i helse- og omsorg, sosialtenesta og barne- og elevmapper. 

Innsynsrett 

Sjølv om eit dokument ikkje er offentleg, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

Slik søker du om innsyn i eit dokument? 

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei konkret sak eller dokument. Bruk skjema under for å søke om innsyn. Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

Skjema for innsending av krav om innsyn

Innsyn i personmapper er regulert av partsinnsyn i forvaltningslova. Eventuell krav om innsyn rettast til aktuelt tenestestad i kommunen. 

Handsamingstid

Kravet om innsyn skal svarast på så raskt som mogleg, og innan 1-3 arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

Klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag. 

Pris

Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Då kan det krevjast ei krone pr. ark utover 100 og betaling for heile utsendinga, jf. offentlegforskrifta § 4.

Meir informasjon

Fjaler kommune
Sentralbord ope mån–fre 09.00–14.00
E-post
Telefon 57 73 80 00
Jeroen Van Gangelen
Fagleiar arkiv
E-post
Telefon 57 73 80 12