Digital sjukemelding

Digital sjukmelding kan du sende inn via smarttelefon , nettbrett eller pc. Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn.

Levering av sjukmelding på papir

Om du ikkje kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir. Det same gjeld om den som sjukmelder deg ikkje kan bruke digital sjukmelding. 
 

Om du vert sjukmeldt

  • Når du er hos legen og får ei sjukmelding, må du syte for å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i.
  • Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding.
  • Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.
  • Når sjukmeldinga går mot slutten, vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar.
  • Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga).


Sjå brukarrettleiing – digitale sjukmeldingar (PDF, 372 kB)
 

Meld frå til leiar om du blir sjuk

Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du som før ta kontakt med nærmaste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. Her er det ingen endringar i rutinane.
 

Meir om digital sjukmelding

Informasjon om digital sjukmelding finn du på nav.no
 

Treng du hjelp? 

Ta kontakt med leiaren din om du treng hjelp. Du kan og kontakte oss på personal og organisasjon, sjå kontaktinformasjon heilt nedst på denne sida,

Wenche Elveseter
Personalsjef
E-post
Telefon 57 73 80 15
Mobil 48 02 15 35
Jostein Vagstad
HR-medarbeidar
E-post
Telefon 57 73 80 06