Velkomen som tilsett

Hos oss er dei tilsette våre viktigaste ressursar, og dei beste ambassadørar for Fjaler kommune sitt omdømme. 

Det arbeidet du skal gjere saman med oss overfor innbyggjarane våre, dine kollegaer, politikarane og andre, er viktig både for dei vi yt tenester til og for kva rolle kommunen har i lokalsamfunnet. 

Her finn du litt informasjon om opplysningar vi treng frå deg før du startar å arbeide hos oss.  I tillegg til retningsliner som vi ynskjer du les igjennom.

Arbeidsavtale og utbetaling av løn

For at vi skal kunne lage arbeidsavtale til deg treng vi nokre personopplysningar om deg. Vi ber difor om at du fyller ut personopplysningsskjema som ligg på heimesida vår fjaler.kommune.no ved første høve.

Fyll ut digitalt personalopplysningsskjema

Vi sender deg melding når arbeidsavtalen er klar for elektronisk signering. Denne meldinga blir sendt til din e-postadresse så snart vi har fått det vi treng av opplysningar. Det er viktig at du signerer avtalen innan fristen for at du skal få første lønsutbetaling til rett tid.

Lønsutbetalinga er den 12. i kvar månad. For tilsette som startar etter den 12. i månaden, vil første lønsutbetaling med etterbetaling vere månaden etter. Skattekort hentar vi direkte frå skatteetaten når vi har motteke personnummeret ditt. 

Politiattest

Du treng politiattest før du tek til i stillinga dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. 

Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.  Når du har fått tilsendt politiattest sender du denne vidare til oss gjennom sikker digital post til Fjaler kommune.

Eigenmelding om tuberkulose og MRSA

Eigenmelding om tuberkulose og MRSA skal fyllast ut av helsearbeidarar i helse- og omsorgstenesta, lærarar og andre i stilling knytt til barneomsorg, samt vikarar og andre i opplæring, hospitering og utplassering på slike arbeidsplassar.

Fyll ut elektronisk eigenmeldingsskjema om tuberkulose og MRSA 

Erklæring om teieplikt 

Du må lese igjennom og signere erklæring om teieplikt, denne får du tilsendt til e-signering eller du får den på papir av leiaren din. Når du signerer teieplikt signerer du samstundes for at du har lest og forstått retningslinene for informasjonstryggleik.

Etiske retningslinjer og retningslinjer for informasjonstryggleik 

Alle tilsette må lese gjennom retningslinje for informasjonstryggleik og etiske retningslinjer. Når du signerer teieplikt skriv du og under på at du har lese og forstått desse.

Les Fjaler kommune sine etiske retningsliner (PDF, 654 kB)

Les Informasjonstryggleik, retningsline for tilsette.pdf (PDF, 270 kB)

Pensjon og forsikring

Som tilsett hos oss blir du meldt inn i offentleg tenestepensjonsordning frå du tek til i stillinga. I tillegg blir du forsikra for ein del hendingar på fritida gjennom vår kollektive ulukkesdekning. Dette finn du meir informasjon om på informasjonssida vår hos KLP.  Du har som tilsett og moglegheit for rabattar i KLP forsikring (tingforsikringar), dette kan ta litt tid før du får tilgang til, då KLP oppdaterer sine register månaden etter at du har fått første lønninga.

Sjå meir på informasjonssida vår på KLP.no
 

Wenche Elveseter
Personalsjef
E-post
Telefon 57 73 80 15
Mobil 48 02 15 35
Jostein Vagstad
HR-medarbeidar
E-post
Telefon 57 73 80 06
Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09