Send post digitalt på ein trygg måte

Kort fortalt

Med eDialog kan du på ein trygg måte sende oss dokument og brev, også dersom dei inneheld personsensitive opplysningar eller opplysningar som ikkje er offentlege.

E-post kan framleis brukast til enkle spørsmål og generelle førespurnader.

Korleis fyller du ut skjemaet? 

  1. Logg inn med ID-Porten.
  2. Felt som er merkte med * (raud stjerne), er obligatoriske.
  3. Vel om du er privatperson (fødselsnummer), eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  4. Tittel: Skriv kort kva førespurnaden gjeld. Skriv gjerne saksnummer dersom du har det. 
  5. Kommentar: Her kan du skrive inn meldinga di. 
  6. Vedlegg: Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast: PDF, PNG, JPEG, TIFF, XML, tekstfiler, MPEG-video, MP3 og WAV.
  7. Klikk på «Send». Sendinga blir kryptert og sendt direkte til Fjaler kommune.
  8. Du får ei kvittering med referansenummer på e-post eller SMS.

E-post er ein usikker kanal

Mange sender dokument til kommunen via e-post. Å sende dokument med e-post inneber større risiko for at personsensitive opplysningar kan kome på avvege. E-postar kan òg bli stoppa i eit spamfilter eller ikkje kome fram av andre årsaker.

Ikkje send helseopplysningar, fødselsnummer eller annan fortruleg informasjon på e-post. Bruk eDialog dersom du skal sende slike opplysningar til kommunen.

E-post kan framleis brukast til enkle spørsmål og generelle førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak-/arkivsystem.

E-postadressa til kommunen er: Postmottak@fjaler.kommune.no

Fordelen med å sende post sikkert til kommunen

Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal. Det gir ei trygg identifikasjon av kven som er avsendar.
Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak-/arkivsystem eller rett fagsystem. Vi tilrår at du brukar eDialog når du sender dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentleg innsyn.